Vi oppfordrar til bruk av eDialog
Epost er ikkje ein sikker kanal for å sende frå seg informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, epost kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid.
eDialog sender informasjonen kryptert og er difor langt sikrare enn vanleg epost.
Framgangsmåte
Klikk her for å sende oss noko via eDialog.
Deretter må du autentisere deg sjølv, anten med ID-porten, bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og legg ved eventuelle vedlegg som pdf-filer.
Utfylling av skjema
Kryss først av om du er privatperson eller sender som firma
Alle obligatoriske felt er merka med *
I tittelfeltet er det til hjelp om du set på saksnummer, om du sender inn noko i samband med ei pågåande sak - til dømes 25/156.
Skriv utfyllande kommentarar knytt til sendinga. Om du sender med vedlegg, vil det du skriv i kommentarfeltet bli lagt inn som vedlegg i sak- og arkivsystemet vårt.
Når du klikkar på 'Send forsendelse' blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt
Du får ei kvittering med referansenummer på epost.
NB!
Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til formålet, til dømes søknad om plass i barnehage, søknad på stilling m.m. Her kan du sjå oversikt over alle våre elektroniske skjema.