Fordeler med eFaktura:
- Du mottar faktura i nettbanken i staden for i postkassa.
- Du slepp å taste inn lange KID- og kontonr. når rekninga skal betalast. Alt er ferdig utfylt.
- Det einaste du treng å gjere er å bekrefte betalinga i nettbanken eller via brettbank/mobilbank.
- Dersom du ønskjer det, kan du bli varsla på e-post kvar gong ei ny rekning kjem.
- Nettbanken har enkel oversikt over rekningar som er betalt og kva som ligg til betaling.
Korleis inngå avtale om eFaktura:
Når du betaler neste rekning frå Nord-Fron kommune i nettbanken din, vil du få spørsmål om du ønskjer å motta rekninga elektronisk, altså som eFaktura. Dette svarer du bekreftande på, så følger du rettleiinga du får på skjermen. Banken ber blant anna om eFaktura-referanse. Opplysningar om denne referansen står på fakturaen du har mottatt frå kommunen. Du kan også registrere eFaktura manuelt i nettbanken.
Meir informasjon om eFaktura.