Kommunestyret er det øvste politiske organ i kommunen. Kommunestyret er det sentrale, overordna organ som alle utval, styrer og råd får sine fullmakter frå, og som dei skal sørgje for attenderapporteringar til.
Formannskapet er det øvste organet etter kommmunestyret, og det organ som i det daglege har det politiske hovedansvaret for samordna styring og leiing.
Vi har to store (hoved)utval i Nord-Fron kommune
Utval for helse og oppvekst
Utvalet har som arbeidsområde dei oppgåvene som kommunen har ansvaret for innafor helse-, pleie- og omsorgstenester, sosiale tenester inkl. barnevern og edruskapsvern. Utvalet har vidare ansvaret for oppvekstområdet ; skole, opplæring og barnehagesaker.
Utval for miljø, landbruk og areal
Utvalet har som arbeidsområde dei oppgåvene som kommunen har ansvaret for innafor plan- og byggesaker, miljøvern, landbruks- og utmarksforvaltning, medrekna vilt- og fiskeforvaltning og saker om motorferdsel i utmark. Utvalet er også kommuneplanutval.