Formannskapet er det øvste organet etter kommmunestyret, og det organ som i det daglege har det politiske hovedansvaret for samordna styring og leiing.
Formannskapet legg fram forslag til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak.
Alle økonomiske saker som skal avgjerast av kommunestyret skal kome som innstilling frå formannskapet. Formannskapet skal ikkje innstille i saker som blir behandla av kontrollutvalet. Ordførar er leiar og varaordførar er nestleiar i formannskapet.
Her kan du lese reglement for formannskapet (PDF, 52 kB), vedtatt i K.sak 71/24.
Nord-Fron formannskap har 7 medlemer med varamedlemer.
Medlemene og varamedlemene blir valde av og blant medlemene i kommunestyret.