Midt-Gudbrandsdal interkommunale politiske råd ( Midt-Gudbrandsdal IPR)- tidlegare kalla Regionrådet - er eit samarbeidsorgan for kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron i partnerskap med Innlandet fylkeskommune, basert på inngått partnerskapsavtale mellom partane.
Midt-Gudbrandsdal IPR er en aktiv regional pådriver i Midt-Gudbrandsdalen med vekt på regional samfunnsutvikling og regionalt samarbeid
Rådet er satt saman av ordførar og opposisjonsleiar frå kvar kommune, og to fylkespolitikarar. I tillegg har administrasjonen i kommunane og fylkeskommunen møte- og talerett.
Du finn meir informasjon på Midt-Gudbrandsdal interkommunale politiske råd si heimeside.