Må du søke?
Det stilles ingen formelle kompetansekrav til den som skal montere eldstad. Den som skal montere må ha kjennskap til reglar for skorstein og eldstad. Det er monteringsanvisinga til kvar enkelt eldstad som angir kva for krav som gjeld. Vi tilrår å nytte ein sertifisert montør.
Når eit nytt eldstad er montert, reparert eller omplassert, skal dette rapporteres til Midt-Gudbrandsdal brann- og redningsvesen (under meldinger og skjemaer).
Oppføring og reparasjon av skorstein er søknadspliktig
Oppføring og reparasjon av skorstein krev søknad og løyve frå kommunen. Det må vere fagkyndig som står ansvarleg for utførande arbeid. Direktoratet for byggkvalitet har god veiledning rundt dette.
Direktoratet for byggkvalitet
Eldstad
Ein eldstad er ein ovn, peis eller peisovn for lokal oppvarming.
Rapportere eldstad
Innrapporteringa skal skje på eiga skjema og er viktig med tanke på feiing og tilsyn.
Krav til eldstad
Teknisk forskrift (TEK 17) § 9-10 stiller strenge krav til alle lukka eldstader som monteres. Dette inneber at det kun er lov å montere såkalla "reintbrennande" eldstader. Unntaket er kakkelomnar og kleberstensomnar og omnar som omplasseres innafor same brukseining samt bevaringsverdige lukka eldstader for vedfyring produsert før 1940. Husk å ta vare på dokumentasjon og monteringsanvisning.