Tilskot til tilpassing av bustad
Treng du å få tilpassa bustaden din for å kunne halde fram med å bu der? Då kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.
Tilskot til etablering i eigen bustad
Tilskotet skal bidra til å skaffe eigna bustadar for personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskotet skal også sikre at vanskelegstilte kan bli buande i eigna bustad.
Tilskot til utgreiing og prosjektering
Treng du å få tilpassa bustaden din, kan du søke om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp.
Slik søker du?
Søknadsskjema
Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden av boligutvikler Ane Steig.
Kva skjer vidare?
I Nord-Fron kommune er det administrasjonssjef som tar stilling til alle saker som gjeld startlån.
Normal behandlingstid er ca. 4 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.
Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vil ikkje bli behandla, før all naudsynt dokumentasjon er mottatt.
Klage
Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Nord-Fron kommune, Nedregt. 50, 2640 Vinstra.