Bygg utan å søkje

Mann som bygger - Klikk for stort bilete

Har du satt opp garasje, uthus, hagestue, drivhus eller andre bygninger unntatt søknadsplikt? 

Då må du framleis melde frå til kommunen om kva du har ført opp.

Mindre frittliggande bygningar inntil 50 m2 BRA/BYA eller tilbygg inntil 15 m2 BRA/BYA kan ofte førast opp utan søknad så sant det er i tråd med gjeldande reglar i reguleringsplan/kommuneplan eller regionale planer.

Korleis veit eg om tiltaket mitt er unntatt søknadsplikt?

For det første må du ta ein titt på byggesaksforskrifta, SAK10. https://dibk.no/regelverk/sak/2/4/4-1/ Forskrifta viser dei tiltaka du kan gjere på eigedomen din som kan vere unntatt søknadsplikt. Men før du går i gang med bygginga må du sjekke om reguleringsplanen for eigedomen din har reglar som gjer at tiltaket krev søknad. Dette kan til dømes vere avstand til eigedomsgrense, takhøgde, takvinkel mm. Det er også viktig at du sjekkar utnyttingsgraden og maks tillate areal for din eigedom. Reglar for din eigedom kan du finn her: https://www.arealplaner.no/nord-fron3436/arealplaner/search kjem det ikkje opp ein reguleringsplan er din eigedom regulert gjennom arealdelen i kommuneplanen.

Er du usikker tek du ein telefon eller sender ein mail til plan- og byggesaksavdelinga vår. Ofte vil dette føre til at kommunen slepp å følgje opp mindre tiltak som ikkje er i tråd med reglane og du bygger lovleg.

Finn ikkje kommunen sjølv ut kva eg har ført opp?

Det er ingen automatikk i at kommunen sjølv oppdagar slike bygningar og kommunen er dermed avhengig av at det blir sendt inn byggemelding for å kunne oppdatere kartet og ha korrekte opplysningar for din eigedom. Byggemeldingsskjema kan du hente ut frå dibk.no sine sider her https://dibk.no/globalassets/blanketter_utfyllbare/alle-blanketter/5188-melding-om-bygning-eller-tilbygg-som-er-unntatt-soknadsplikt.pdf . Saman med byggemeldinga legg du også ved eit situasjonskart og lengde og breidde på  bygget. Har du fasadetegningar kan også dette leggast ved. Situasjonskart kan du til dømes hente ut herfrå https://kommunekart.com/klient/midtgudbrandsdalen/kart.  Meldinga skal sendast inn seinast ein månad etter at tiltaket er ferdig oppført.

Byggemeldinga sender du til post@nord-fron.kommune.no