Flytte på hytta?

Nord-Fron kommune får mange spørsmål om å flytte på hytta. I gjeldande kommuneplan har kommunen tydelege reglar for kva som skal til for å få løyve til ei bruksendring frå fritidsbolig til bolighus.

Bygget skal tilfredsstille gjeldande krav i Byggteknisk forskrift (TEK). Tiltakshavar skal nytte fagleg bistand, og levere rapport om byggets tilstand ut frå krava i gjeldande TEK i samband med søknad om bruksendring. 

Følgjande krav må vere oppfylt:

  • Det må vere innlagt vatn og avløp, anten via kommunalt leidningsnett eller via godkjend privat anlegg.
  • Eigedomen skal ha vinterbrøytt veg, og eigar skal sørgje for at det er framkommeleg til huset, eksempelvis brøytt og strøydd når det er behov for det.
  • Kravet om tilgjengelig bueining.
  • Bueiniga skal ha minst eit bad og toalett. Størrelse og planløysing skal være slik at det er fri golvplass til en snusirkel med diameter på minimum 1,5 m framfor toalett, minimum 0,9 m fri golvplass på den eine sida av toalettet og minimum 0,2 m på den andre sida. Det skal være fri passasjebredde på 0,9 m fram til fri plass ved sida av toalett. Det skal være muligheit for trinnfri dusjsone. Vegg i dusj og toalettsone skal gi festemuligheit for ettermontering av nødvendig utstyr.
  • Bueining skal ha ventilasjon som sikrar en gjennomsnittleg frisklufttilførsel på minimum 1,2 m3 pr. time pr. m2 golvareal når romma eller bueininga er i bruk og minimum 0,7 m3 pr. time pr. m2 golvareal når romma eller bueininga ikkje er i bruk. Soverom skal tilføres minimum 26 m3 friskluft pr. time pr. sengeplass når rommet eller bueininga er i bruk.
  • Kjøkken, sanitærrom og våtrom skal ha avtrekk med tilfredsstillande effektivitet.
  • Bueininga skal ha skorstein.
  • Det kan etter nærare grunngjeve søknad gis dispensasjon frå følgjande krav:
  • Krava til energieffektivitet for bustadhus, føresett at fritidsbustaden er mellom 70 – 150 m2. Er fritidsbustaden under 70 m2, skal den uansett tilfredsstille krava til energieffektivitet for fritidsbustader mellom 70 – 150 m2 for at bruksendring kan tillates.
  •  Kravet til installasjon av balansert ventilasjon.
     

Det skal meldast flytting via Folkeregisteret til ny godkjend bustad, etter at det er gitt løyve til bruksendring frå fritidsbustad.

Det blir innvilga gratis skuleskyss etter søknad ut frå gjeldande reglar. Minsteavstand mellom bustad og opplæringsstad tek ikkje sikte på å imøtekomme eit absolutt krav om transport frå dør til dør. Det blir kravd at eleven går fram til næraste haldeplass. Som rimeleg gangavstand til haldeplass reknast f.t. 1 km for 1. kl., 2 km for 2. – 10. klasse.


 Kva må sendast inn?

  • Grunngjeve søknad kor det kjem fram at det blir søkt om dispensasjon etter pbl § 19-1 frå formålet fritidsbustad til bustad.
  • Søknad om tillatelse til tiltak (Ett-trinnssøknad)
  • Tilstandsrapport om bygningens tilstand ut frå krava i gjeldande TEK.
  • I dei tilfelle det må gjerast tiltak ihht utarbeidt rapport skal også ansvarleg søkjar og utførande levere inn sine ansvarsrettar og gjennomføringsplan. 
  • Nabovarsel og kvittering for nabovarsel
  • Planteikningar, situasjonskart og andre relevante skisse.
     

Her finn du skjema og relevante lenkar:

Informasjon om:

 Dispensasjon

Søknadsskjemaet:

Søknad om tillatelse til tiltak (Ett-trinnssøknad) 


 Uthenting av naboliste og varsling kan gjerast via: 

Kommunens e-torgløsning

Informasjon om nabovarsling og korleis du går fram finn du i artikkelen nabovarsel

Uthenting av situasjonskart kan gjerast via:

 Publikumskart

Behandling av søknaden:

Søknaden blir behandla i utval for miljø, landbruk og areal (MLA). Utvalet har møte ein gong i månaden. I 2025 kostar dette 12 700,- uansett utfall i saka. Vidare blir saka oversendt til berørte og overordna myndigheiter i minimum 30 dager for uttale. Dersom det ikkje har kome inn nokon vesentlege merknader i samband med høyringa vil det bli fatta endeleg vedtak i saka.

Søknaden skal sendast til post@nord-fron.kommune.no eller pr post til Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Spørsmål knytta til bruksendring kan rettast til kommunens byggesaksavdeling, men merk at søknaden ikkje skal sendast direkte til saksbehandlar.

Kontakt

Helene Fjellheim
Byggesaksbehandler
E-post
Telefon 61 21 63 67
Kristin Wiig Larsen
Saksbehandler
E-post
Telefon 61 21 61 49