Kva kan du søkje om sjølv?Mindre tiltak på bebygd eigedom kan du søkje om sjølvDøme på dette kan vere:Oppføring av frittståande bygning slik som garasje, verkstad ol. inntil 70 m2 BYA i ein etasje. Bygningen kan ikkje brukast til beboelse.Tilbygg til alle typar byggverk inntil 50 m2 BYA Varig og tidsbestemt bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt. Til dømes bod → soverom, soverom → bod. Endringa må vere innafor ein brukseining. Merk at tiltaket må vere i tråd med føresegna i reguleringsplan eller kommuneplanens arealdel. Føresegner for din eigedom finn du på arealplaner kor du kan søkje opp adressa di og finne gjeldande reguleringsplan/kommuneplan. Sjå “Kva kan du søkje om sjølv” ovanfor for meir informasjon. Kva søknadsskjema brukar du?Du kan nytte standardiserte skjema frå direktoratet for byggkvalitet:Søknad om tiltak utan ansvarsrett/søknad for mindre byggeprosjektNabovarsel for mindre byggeprosjekt (garasje, tilbygg, bod og bruksendring)Uthenting av naboliste og varsling kan gjerast via:Kommunens e-torgløsningInformasjon om nabovarsling og korleis du går fram finn du i artikkelen nabovarselUthenting av situasjonskart kan gjerast via: Publikumskart Kva må sendast inn?Søknad om tiltak utan ansvarsrett/søknad for mindre byggeprosjektNabovarsel og kvittering for nabovarsel. Eventuelle merknader og kommentar til desse legges ved.Situasjonskart Målsette teikningar av fasade, snitt og planEventuelt ein dispensasjonssøknad dersom dette er naudsynt. Informasjon om dispensasjon finn du her Sjølve søknaden skal sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra. Merk at søknaden ikkje skal sendast direkte til sakshandsamar. Publisert 24.03.2025 13.05 Sist endra 07.04.2025 10.38