Solcelle- og solfangeranlegg

Solenergianlegg, som solcelle- eller solfangeranlegg, er å betrakte som bygningsteknisk installasjon og er i utgangspunktet søknadspliktig etter plan- og bygningsloven § 20-1 bokstav f.

Installering og endring av solenergianlegg i eksisterande byggverk innafor ei brukseining eller branncelle, blir vurdert som ein enkel installasjon og er unntatt frå kravet om søknadsplikt.

Definisjonar av solcelle- og solfangeranlegg (solenergianlegg):

Solceller:
Desse gir elektrisitet. Solceller omdannar strålingsenergien frå sola direkte til elektrisk straum. Straumen kan brukast direkte i bygget eller sendast ut på straumnettet.

Solfangarar:
Desse gir varme ved at strålingsenergi frå sola varmar opp ei væske eller ein gass. Varmen kan brukast til oppvarming av rom, tappevatn, i eit vannbårent system i bygningar, eller i ein industriell prosess.

Må du søkje?

Bustader og landbruksbygningar

For bustader og landbruksbygningar i Nord-Fron kommune er det fritak for søknadsplikt for solenergianlegg som er integrert i fasaden.

Døme på solenergianlegg som er integrert i fasade:

 

  

     

 

   

 

 

    

 

 

  

  

 

 

 

 

 

Solenergianlegget kan vere søknadspliktig dersom:

  • Plassering er nærare nabogrense enn 4 meter
  • Bygget har kulturminneverdi (SEFRAK)
  • Anlegget blir montert frittståande på taket eller eigedom
  • Anlegget blir etablert over fleire brukseiningar eller brannceller
  • Tiltaket er i konflikt med føresegner i kommuneplan eller reguleringsplan

Ta kontakt med kommunen for ytterlegare avklaring dersom ditt tiltak kjem innafor ei av desse.

Fritidseigedomar

For fritidseigedomar må det avklarast med kommunen for kvart enkelt solenergianlegg. Dette for å kunne ta omsyn til mellom anna verneområde og føresegner i reguleringsplan.

Dersom tiltaket er søknadspliktig – hva avgjer om du får løyve eller ikkje?


Dersom oppføringen av solenergianlegget er søknadspliktig vil vi i vurderinga av om vi kan gje løyve eller ikkje, sjå særleg på følgjande forhold: 

  • Plassering og utstrekning:
    Plassering og utforming av solenergianlegget må vere ordna og ta omsyn til forma på bygningen. Solenergianlegget bør ligge plant på taket eller fasaden.
     
  • Material- og fargekontrastar:
    Dersom material- og fargekontrasten mellom solenergianlegget og taket/fasaden er liten, vil etableringa i mindre grad endre bygningen sin karakter. Der kontrasten er stor, bør solenergianlegget innordne seg bygningen sin øvrige form og element.
     
  • Eksponering:
    Det er strengare krav til plassering og farge der tiltaket  blir plassert ut mot offentlege rom eller er godt synleg i landskapet. Ta derfor omsyn til dette når du vel kvar solenergianlegget skal plasserast. 

Installering av solenergianlegg skal utførast i samsvar med dei krav som elles følgjer av reglar gitt eller i medhald av plan- og bygningsloven.

Vi tilrår at du informerer naboane dine før du monterer anlegget.

Tilskotsordningar

Det er økonomiske tilskotsordningar for deg som ønskjer å etablere solenergianlegg. Meir informasjon finn du på: https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/solenergi/

Kontakt

Helene Fjellheim
Byggesaksbehandler
E-post
Telefon 61 21 63 67
Kristin Wiig Larsen
Saksbehandler
E-post
Telefon 61 21 61 49