Adressetildeling

Kommunene er offisiell adressemyndigheit og fastsett adresser til eigedomar i Norge. Ei vegadresse inneheld vegnamn og adressenummer. Er det knytta fleire brukseiningar opp til same adresse, så vil den offisielle adressa også omfatte brukseiningsnummer (bustadnummer). Ei vegadresse kan vere avgjerande for at nødetatane skal finne raskt fram i ein nødsituasjon.

Offisielle adresser

Offisielle adresser skal tildelast bygningar som blir brukt til:

  • bustadformål
  • fritidsformål
  • næringsvirksomheit
  • offentleg virsomheit

Kartverket oppfordrar kommunene til å gi adresse også til idrettsanlegg, parkeringsanlegg, parkar, badeplassar, gravplassar og andre stadar der mange ferdast.

Når tildeler vi adresser

Vi tildeler adresser ved for eksempel:

  • oppføring av nye bygningar
  • når adkomstvegen endrast
  • endring av bygningar til å omfatte fleire brukseiningar

Meir informasjon

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra