Tinglysing av eigarskifte og festekontrakter er privatrettsleg og må ordnast av partane eller partane kan velge å bruke megler eller advokat til å hjelpe seg med arbeidet.
Informasjon om tinglysing av eigarskifte finn du her:
Skjøte ved sal av eigedom
Informasjon om arv og heimelserklæring
Generell informasjon om eigarskifte
Informasjon om feste og festekontrakt
Skjøte, heimelsdokument eller festekontrakt skal sendast til: Kartverket Tinglysingen, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss. Kartverket Tinglysingen fakturerer for tinglysing og dokumentavgift.
Eigenerklæring om konsesjonsfriheit ved eigarskifte
Ved kjøp eller arv av eigedom må eigenerklæring om konsesjonsfriheit fyllast ut og sendast til kommunen før skjøte eller heimelserklæring blir sendt til Kartverket Tinglysingen. Dette er ein kontroll av at eigedomen ikkje er konsesjonspliktig landbruksgrunn. Kommunen matrikkelfører konsesjonsfriheit og sender ut kvittering for ført konsesjonsfriheit. Eigenerklæring om konsesjonsfriheit er ikkje nødvendig for bebygd eigedom under 2 dekar/2000 kvadratmeter eller for seksjonar. Sjå meir informasjon om konsesjon og konsesjonsfrihet på kartverket sine nettsider: Konsesjon ved tinglysing.
Skjema for egenerklæring om konsesjonsfrihet kan hentes her (lenke til landbruksdirektoratet): Egenerklæring om konsesjonsfrihet ved erverv av fast eiendom (LDIR-360B).
Dersom fleire av punkta 3-8 passar for eigedomen din treng du berre å krysse av for det første som passar. Planstatus og storleik på eigedomar kan sjekkast på kommunen si kartløysing.
Eigenerklæring om konsesjonsfriheit må anten skannast og sendast på e-post til post@nord-fron.kommune.no eller sendast pr. brev til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.
Kommunen si behandling av konsesjonsfriheit er gratis.
Konsesjon og konsesjonsfriheit for landbrukseigedom
For landbrukseigedom som selgast ut av familien må det søkjast konsesjon. For omsetning av landbrukseigedom innan nær familie må eigenerklæring om konsesjonsfriheit fylles ut, punkt 1, 2, 3 og 10 skal då fyllast ut på skjema for eigenerklæring om konsesjonsfriheit.
Landbrukskontoret har tilgang til landbuksregisteret og oversikt over alle gards- og bruksnummer som høyrer til einingane så det er ein fordel om dei behandlar konsesjonsfriheit for landbrukseigedomar med tanke på å kvalitetssikre at alle aktuelle gards- og bruksnummer blir med ved tinglysinga av eigarskifte.
Skjema for søknad om konsesjon.