Krav til samanslåing
Eigedomar som skal slåast saman, skal utgjere eit samanhengande areal. Det vil seie at eigedomane må grense til kvarandre.
Samanslåing av eigedomar kan ikkje gjennomførast dersom dette førar til prioritetskollisjon mellom panthavarane. Det vil seie at pengeheftingar må vere lik på eigedomane, eller at ein av eigedomane er fri for pengeheftingar. Kommunen sjekkar grunnboka for eigedomane før samanslåing blir sendt til tinglysing hos Kartverket.
Korleis søke om samanslåing
Fyll ut følgjande skjema
Send skjemaet til:
Nord-Fron kommune
Nedregata 50, 2640 Vinstra.
Skjemaet kan også sendast på e-post til post@nord-fron.kommune.no
Pris
Samanslåing av eigedomar er ei gratis teneste.