Endre reguleringsplan etter forenkla prosess

Å endre ein reguleringsplan følgjer i utgangspunktet dei same reglane som når ein lagar ein ny reguleringsplan. 

For nokre reguleringsendringar er det lagt opp til ein enklare prosess etter plan- og bygningsloven § 12-14. Mindre justeringar kan vere reguleringsformål, byggjegrensar, utnyttingsgrad ol.

Dette gjeld endringar som

  • I liten grad vil påverke gjennomføringen av planen for øvrig,
  • ikkje går utover hovedrammene i planen
  • og heller ikkje rører ved omsynet til viktige natur- og friluftsområde.
     

Den som ønskjer å fremje ein planendring, må sjølv kontakte ein konsulent som har tilstrekkeleg fagkompetanse til å endre reguleringsplanar. Plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter stiller ein rekkje krav til planprosess og innhaldet i plandokumenta og difor er det viktig at ein nytter konsultent.

 

Treng du rettleiing og hjelp?

Send ein epost til post@nord-fron.kommune.no og planavdelinga vil ta kontakt med deg.

 

Behandling av planendringa 

Det er utval for miljø, landbruk og areal (MLA) som behandlar planendringar. Normal høyringsperiode for endring etter forenkla prosess er 3 veker, men dette utvidast ved ferietid. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege motsegner til endringa, er det delegert myndigheit til kommunedirektøren å fatte endeleg vedtak i saka. Endring av plan etter forenkla prosess koster 12 740,-