Nord-Fron kommune står framfor ei stor og viktig oppgåve: Å sjå på samlokalisering av tre viktige offentlege tenester - ein ny 1–10 skule, helsehus og kulturtjenester. Dette skal gje innbyggjarane betre tilbod, meir aktivitet og eit levande sentrum.
Prosjektet «Sambruk og lokalisering 2025» ser på desse investeringane samla for å sikre ei heilskapleg vurdering av framtidige behov. Eit sentralt spørsmål i prosjektet er om samlokalisering kan gi gevinstar som meir effektiv bruk av ressursar, lågare investeringskostnader og reduserte driftskostnader. Samtidig vil prosjektet undersøke korleis ein eventuell samlokalisering kan påverke sentrumsutviklinga på Vinstra.