Prosjektet vil leggje til rette for god innbyggjarmedverknad, og vi jobbar no med korleis denne prosessen skal organiserast. På denne sida vil vi etter kvart publisere meir informasjon om korleis du kan bidra, så følg med!
Korleis kan du bidra?
- Sei di meining om samlokalisering: Kva fordelar og ulemper ser du ved å samle skule, kulturhus og helsehus i eitt bygg eller på eitt område? Eller meiner du dei bør plasserast kvar for seg?
- Foreslå plasseringar: Har du tankar om kvar desse bygga bør liggje for å skape eit best mogleg sentrum og gode løysingar for innbyggjarane?
- Delta innspelsrundar: Vi vil arrangere opne møte og innbyggjarverkstadar der du kan dele dine tankar og idear.
- Bruke digitale verktøy: Vi vil lansere digitale skjema der du enkelt kan sende inn innspel om lokalisering og sambruk.
- Møt oss fysisk: Det blir arrangert opne møte for innbyggjarar, næringslivet, lag og foreiningar. Tidspunkt for desse møta vil bli kunngjorde her på nettsida.
Planlagde høyringar og innspelsrundar
Vi jobbar med å organisere innbyggjarmedverknaden, og vi vil etter kvart publisere konkrete tidspunkt for:

- Innbyggjarverkstad
- Spørjeundersøking
- Opne møte for næringsliv og organisasjonar
- Digital innspelsmoglegheit
Publisert 06.03.2025 09.43
Sist endra 06.03.2025 09.44