Skule

Kommunestyret har vedteke at det skal byggjast ein ny felles 1–10 skule i Nord-Fron, som skal erstatte tre eksisterande skular (Barhaug skole, Sødorp skole og Vinstra ungdomsskole) og gje eit moderne undervisningstilbod til alle elevar frå 1. til 10. trinn.
I samband med skulen skal det også byggjast ein fleirbrukshall.
Prosjektet skal sjå på kva sambruksgevinstar det kan vere ved å samle skulen med helse og/eller kultur, og foreslå ei plassering som gir best resultat både for innhaldet i skulen og for dei andre tenestene i eit slikt bygg.
Les meir om arbeidet med skolestruktur her!
Kultur
Dagens kulturtilbod i Nord-Fron er spreidd på mange bygg, der fleire er gamle og lite eigna for moderne kulturaktivitetar. Ei eiga prosjektgruppe for kultur vurderer no innhaldet i eit nytt kulturhus, og førebels er det aktuelt å samle kulturskulen, biblioteket, kinoen, frivilligsentralen, BUA, kultursal og kanskje ungdomsklubben under eitt tak. Eit kulturhus plassert sentralt på Vinstra vil bidra til meir aktivitet i sentrum både på dagtid og kveldstid, der bygget kan nyttast av både eldre, ungdom, frivillige lag og organisasjonar - kort fortalt, alle innbyggjarar og besøkande.
Ein kultursal vil gi moglegheit for større nasjonale framsyningar gjennom Teater Innlandet, Riksteatret og større konsertarrangement.
Det er sett av kr. 500 000 i budsjettet for 2025 til å forprosjektere ei samlokalisering av kulturtenester. Gjennom prosjekt sambruk og lokalisering ser ein i tilleg på om det vil vera hensiktsmessig å samlokalisere kulturtenestene med helse og skole-tenester.
Helse
Helsetenestene i kommunen er i dag spreidde på fleire bygg. Nokre av bygga er i suboptimal stand, og kommunen leiger private lokale for å drifte fleire tenester. Eit nytt helsehus vil samle viktige helsetenester under eitt tak, inkludert legekontor, helsestasjon, fysioterapi, psykisk helse, rusomsorg og frisklivssentral. Ved å samle desse fagmiljøa på éin stad vil innbyggjarane finne alle nødvendige helsetenester på same plass, samtidig som det blir meir attraktivt for helsepersonell å jobbe i Nord-Fron.