Status i prosjektet torsdag 6. mars

Nord-Fron kommune er i gang med eit omfattande arbeid for å sjå ivesteringane for ny skule (1–10), kulturhus og helsehus, i samanheng. Sidan vedtaket med prosjektbestilling vart gjort av kommunestyret 20. februar, har prosjektgruppe vorte danna og byrja sitt arbeid med å levere eit godt beslutningsgrunnlag til kommunestyret før sommaren 2025. 

AI-generert illustrasjon av eit sambruksbygg. I motsetning til AI håpar vi på meir funksjonelle gangfelt, og bygg med tak. Elles ser dette flott ut!

Sidan oppstarten 20. februar har prosjektet hatt framdrift gjennom møter og planlegging av involvering. Prosjektleiar for sambruk og lokalisering, Erik Tøftestuen, presenterte oppstarten av prosjektet med forslag til framdriftsplan for utval for miljø, landbruk og areal (MLA) og utval for helse og oppvekst (HO). Arbeidet med innbyggjarmedverknad er i gang, og ekstern bistand blir henta inn for å rekne på alternativkostnader, analysere økonomiske og arealmessige konsekvensar av ulike løysingar, samt utvikle visualiseringar av mogleg samlokalisering.

Målet er å sikre ei berekraftig løysing som styrkjer Vinstra sentrum og ivaretek framtidige behov.

Artikkelliste