HC-kort (parkering) Parkeringsløyve for forflytningshemma (HC-kort) er eit hjelpemiddel for personar som har store forflytningsproblem og som har konkrete behov for parkeringsplass. Parkeringsløyve er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning. Kven kan søkje?Korleis søkje?Kva må søknaden innehalde?Korleis blir søknaden behandla?ParkeringsbevisetRegelverk Kven kan søkje?Tilbudet er i første rekke beregna på forflytningshemma førar av motorvogn, men også forflytningshemma passasjer med særleg behov for parkeringslette kan bli innvilga løyve. Hjelpemiddel for den som på grunn av vesentleg nedsett forflytningsevne har særleg behov for parkering på ein eller flere stader kor tilgjengeleg parkering ikkje kan bruksast. Skal løyse konkrete parkeringsproblem for personar med forflytningsproblem. Både den medisinsk betinga bevegelseshemninga og det konkrete parkeringsbehovet blir vurdert ved tildeling av løyve. Korleis søkje?Fyll ut søknadsskjema Søknad om helse- og omsorgstjenesterLegerklæring (må fyllast ut av legen) Søknad med legeerklæring sender du til Tildelingskontoret. Du kan også ta kontakt med Tildelingskontoret for å få tilsendt papirskjema.Kva må søknaden innehalde?Utgreiing for kva forhold som gjer at det er behov for å parkere på stader kor tilgjengelig parkering ikkje kan brukast. Konkrete stader og situasjoner som utgjer behov for parkeringslette. Korleis blir søknaden behandla?Søknaden blir behandla av Tildelingskontoret. Parkeringsbeviset Ved godkjent søknad får du utstedt eit bevis for parkeringsløyve for forflytningshemma. Beviset er personleg og kan ikkje brukast av andre enn kortinnehaver. Regelverk Regelverket er fastsatt i Forskrift om parkering for forflytningshemmede. Publisert 19.11.2024 13.53 Sist endra 19.11.2024 13.55