Kva tilbyr vi?
Tenesta kan gje råd og rettleiing til dei med motoriske vanskar, muskel og/eller skjelettplager. Samt gje tilbod om behandling der dette er aktuelt.
Ei sentral oppgåve er og å gje råd og rettleiing for å forebygge at slike problemstillingar oppstår, og å gje råd og rettleiing til andre kommunale tenesteinstansar.
Grupper for barn og vaksne i sal og basseng. Den kommunale fysioterapitenesta har hovedfokus innan rehabilitering, barn og oppfølging av personar med tverrfaglege behov. Fysioterapitenesta har og kompetanse innan komplett fysikalsk lymfeødembehandling.
Kven kan få tilbudet?
Dei som har behov for råd, rettleiing eller behandling etter fagleg vurdering frå fysioterapeut.
Korleis få tilbodet?
Du kan ta kontakt med fysioterapeut direkte. Tenesta er lokalisert på POST-huset for poliklinisk behandling, oppfølging, frisklivssentral og gruppeverksemd. Fysioterapeutene har òg lokale på Sundheim.
Fysioterapitenesta ( kommunal)
Telefon fysioterapitenesta Sundheim: 61 21 64 11
Kommunen har i tillegg driftsavtale med tre private fysikalske institutt:
Fysioterapeuter med driftsavtale med kommunen
Det er ikkje lenger nødvendig med henvisning for fysioterapi. Manuellterapeutar kan også rekvirere MR/røntgen, henvise til spesialisthelseteneste og fysioterapeut, samt sjukmelde. Pasienten betalar kun eigenandel etter fastsatte reglar.
Manuell terapi:
- Manuellterapeuter er offentleg autorisert helsepersonell som undersøker, diagnostiserer og behandlar sjukdommar og skader i muskel- og skjelettapparatet.
- Pasientar kan gå direkte. Henvisning er ikkje nødvendig for å få trygderefusjon.
- Behandlingsutgifter inngår i eigenandelstak-/frikortordningen på same måte som utgifter til legebesøk.
- Manuellterapeuter kan henvise til spesialisthelsetjeneste, rekvirere bildediagnostikk og sjukmelde.
- For muskel- og skjelettpasientar kan eit besøk hos manuellterapeut dermed vere eit fullverdig alternativ til fastlegebesøk. Det kan vere t.d. ved følgjande tilstandar:
- Hodepine, svimmelheit, øyresus. Kjeveplager.
- Nakke- og skulderplager
- Armplager: tennis- og golfalbue. Slitasje i håndledd og fingerledd. Seneskjedebetennelser. Karpaltunnelsyndrom
- Ryggplager: lumbago, isjias
- Bekkenplager: bekkenløsning og bekkenleddsyndrom
- Hofteplager: slimposebetennelse, slitasje
- Kneplager: leddbåndskader, slimposebetennelse, kneskjellsplager, slitasje
- Ankelplager: leddbåndskader, slitasjeskader
- Fotplager: Achillessenebetennelse, hælspore, fotdeformiteter
(NB! Denne lista er ikkje nødvendigvis dekkande, men kan tilpassast etter dei lokale forholda.)
Kva kostar det?
Alle må betale eigenandel for fysioterapi, med unntak av barn under 16 år og personar med godkjend yrkesskade. Fysioterapeutane følgjer takstar i samsvar med gjeldande takstplakat.
Frikort kjem automatisk i posten etter at du har nådd frikort eigenandelstak 2.
Les meir om frikortordninga
Les meir om eigenandel.
Kva skjer vidare?
Fysioterapeut tar kontakt for vurdering og eventuelt vidare oppfølging.