Barne- og familieveilederTilbodet frå barne- og familieveileder er eit gratis lågterskeltilbod for alle familiar, og er ein del av helsestasjonen sitt tilbod. Det er eit 3- årig prosjekt finansiert av Bufdir.Barne- og familieveileder kan gi deg/dykk tidlig hjelp og støtte, slik at små problem ikkje utviklar seg til store vanskar. Målet er å støtte familien i dei endringane dei sjølv ønskjer. Barne- og familieveileder og alle andre på helsestasjonen har teieplikt. Her finn du spørsmål og svar vedr. barne- og familieveileder Barne- og familieveileder Kven kan få hjelp av barne- og familieveileder? Tenesta er for alle foreldre med barn i alderen 0-18 år. Korleis kan din familie få hjelp? Foreldre kan ta kontakt direkte med barne- og familieveilder, helsesjukepleier/skulehelsetenesta, ein lærar på skulen eller tilsette i barnehagen. Fyrste samtale med barne- og familieveileder brukast til kartlegging av familiens behov, og utarbeide ein plan for vidare samarbeid.Veiledninga foregår i helsestasjon sine lokal, men òg i heimen ved behov. Antall møtepunkt er avhengig av behov og framdrift. Kva kan barne- og familieveileder hjelpe deg og din familie med? Foreldreveiledning i gruppe (cos-p og ICDP) eller individueltRåd og rettleiing knytt til barnets behov, utvikling og åtferdForeldresamarbeid i barneoppdragelsenInnarbeiding av daglige rutinar Samarbeid, konflikthandtering og grensesettingVeiledning og støtte til familiar som har barn med særskilte behovVise vegen vidare i hjelpeapparatet ved behovFamilierettleiar har òg rolla som koordinator ved helsestasjon. Dersom barnet ditt har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, vil det ha rett på koordinator og individuell plan. Koordinator tildeles etter søknad til Tildelingskontoret. Kontaktinfo til barne- og familieveileder Gro Solberg har tlf. 948 70524 E-post: gro.solberg@nord-fron.kommune.no Publisert 22.06.2022 15.05 Sist endra 23.10.2024 10.07