Kva tilbyr vi?
Jordmor gir deg oppfølging i svangerskapet etter ditt eige behov. Vi ønsker å møte deg så tidlig som mogleg i svangerskapet og bidra til at du får ei trygg og god oppleving av å vere gravid.
Vi tilbyr foreldreførebuande kurs for gravide i svangerskapsveke 30-35 siste torsdag i kvar mnd., dette i samarbeid med helsestasjonane og fyisoterapitenestene i Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu. Du får informasjon og tips som omhandlar fødsel og dei første dagene som foreldre, og høve til å stille spørsmål om det du lurer på. Påmelding på sms til 48036321.
Vi undersøker di og barnet si helse. Jordmor tilbyr samtalar om fødsel, amming og spedbarnstid, begge foreldre kan komme med tanker og eventuelle bekymringar som opptar dykk og begge foreldre er velkomne til å vere med. Jordmor samarbeider breidt tverrfagleg, mellom anna med fastlegane og fødeavdelinga på sjukehuset. Jordmor sender deg vidare ved behov.
Jordmor jobbar tysdag og fredag i oddetalsveke.
Kven kan få tilbodet?
Alle gravide får tilbod om å få bli oppfølgd av jordmor.
Korleis få tilbodet?
Ta kontakt med Vinstra helsestasjon, tlf. 61 21 63 20 for timebestilling.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.