Kva tilbyr vi?
- Formålet med tenesta er å legge tiltrette så brukar blir mest mulig sjølvhjulpen og i stand til å ivareta eigne behov.
- Bistand til å hente medisin, istandgjering og utlevering av vekedosett multidose/døgndose kan innvilgast når pasient har nedsett hukommelse/vurderingsevne, pasient har betydeleg nedsett funksjonsevne eller pasient er rusavhengig/har rusproblem.
- Måling av blodtrykk, puls og blodsukker er undersøkingar som blir gjort som ledd i ein observasjon. Dette skal begrunnast fagleg og vere tidsavgrensa.
- Hjelp til injeksjonar, blodprøver, sårskift o.l. om ikkje brukaren kan komme seg til lege ved eigen hjelp.
- Tilrettelegging/veiledning og hjelp til personleg hygiene.
- Legge til rette for at brukar kan utføre/trene på dagleglivets aktivitetar.
- Ernæring; tilbud om tilrettelegging/smøring av brødmat. Bistand til oppvarming av ferdig laga middagsmat.
- Kartlegging og oppfølging i forhold til av ernæringsmessig risiko.
- Omsorg og pleie i livets sluttfase.
- Tilsyn når besøket har en klar hensikt og er fagleg vurdert av heimesjukepleia.
- Førebyggande tiltak / veiledning / rehabilitering.
- Motivering, rettleiing i personleg levesett, dagleg kosthald m.m.
- Motivering og rettleiing til planlegging av daglege aktiviteter
- Motivere til sosiale aktivitetar.
- Påminning og motivering for oppfølging av tiltak frå hverdagsrehabiliteringsteamet.
Kven kan få tilbodet?
Heimesjukepleia gir pleie og omsorg til dei som har akutt eller kronisk sjukdom/ funksjonssvikt i eige heim. Heimesjukepleie blir tildelt etter ei individuell vurdering der ein tar omsyn til:
- Søkaren sin situasjon
- Kva søkaren kan klare sjølv
- Husstandsmedlemmer
- Tilgang på anna hjelp
Hjelpebehovet vil fortløpande bli vurdert.
Korleis få tilbodet?
Du må søke om å få heimesjukepleie. Søknadsskjema finn du her.
Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.
Det er Tildelingskontoret i Nord-Fron kommune som behandlar søknaden og du kan også kontakte Tildelingskontoret ved evt. spørsmål om tenesta.
Kva kostar det?
Heimesjukepleie er gratis.
Lovgrunnlag
Helsetenester i heimen er heimla i lov om helse- og omsorgstenester §§3-1 og 3-2 punkt 6 bokstav a og omfattar ulike helsetenester som kan ytast i heimen.