Kva tilbyr vi
Kven kan få tilbodet?
Slik søkjer du
Levering, henting og reparasjon av hjelpemidler
Kva kostar det?
Den som har varig skade eller sjukdom kan ved behov søke NAV–hjelpemiddelsentral om utlån av hjelpemiddel.
Den som har behov for akutt utlån av enkle hjelpemiddel i ei kortare periode, kan låne hjelpemiddel frå eit kommunalt utlånslager ved Sundheim Bo- og Treningssenter.
Du kan blant anna låne:
- Stokk, rullator, preikestol, rullestol
- Toalettforhøyer, toalettstol, dusjkrakk
Har du høyreapparat dekker du allereie kriteria for å få hørselshjelpemiddel. Viss du ikkje har / aldri har hatt høyreapparat må du til audiolog for ein hørselstest. Ergoterapeut treng utskrift frå audiologen for å vurdere om du dekker kriteria før det kan søkast på hørselshjelpemiddel.
Du må vere busett i Nord-Fron kommune for å få utlevert hjelpemiddel her.
Hjelpemidla skal i utgangspunktet hentast og leverast av brukar.
Det er viktig at utstyr som ikkje lenger er i bruk blir levert tilbake i reingjort tilstand, så raskt som mogleg.
Ved behov for informasjon råd og rettleiing om aktuelle hjelpemiddel, og ved behov for hjelp i samband med søknadsprosessen til NAV-hjelpemiddelsentral, kan du kontakte ergoterapeut på Sundheim.
Her finn du
Informasjon vedr. kortvarig lån/langvarig lån, vedlikehald/reparasjon, pris og fakturering - gjeldande frå 1. september 2021. (PDF, 455 kB)
Kontakt evt. Hjelpemiddelservice - tlf. 908 24 509
Kr. 200,- pr. ordre dersom kommunen kjører ut eller hentar inn hjelpemiddel som du har lånt.