Kva tilbyr vi
Kven kan få tilbodet?
Korleis få tilbodet?
Kva kostar det?
Kva skjer vidare?
Lovgrunnlag
Kvardagsrehabilitering er ei vedtaksbasert teneste basert på spesifikke kriterie. Tilbodet gjeld deg som har behov for opptrening etter eit funksjonsfall / som står i fare for å få eit funksjonsfall, og som strevar med å meistre aktivitetar som er viktige for deg i kvardagen. Bustad og nærområde er treningsarena. Saman med fagpersonar set du deg mål, og vil få rettleiing og oppfølging i aktivitetar som gir framgang.
Tiltaket vil gjelde i ein klart avgrensa periode.
Heimebuande vaksne som har vanskar med å ivareta daglege aktivitetar dei nyleg har meistra på grunn av eit funksjonsfall, eller som står i fare for å få eit funksjonsfall. Herunder:
- Pasient som søkjer kommunale tenester for første gong.
- Pasient med enkle tenester som søkjer utvida tenester på grunn av funksjonsfall.
- Pasient som skrivast ut frå sjukehus, rehabiliteringsinstitusjon og / eller avd. korttid / rehabilitering med eit vidare behov for tverrfagleg rehabilitering.
Heimebuande vaksne som har vanskar med å ivareta daglege aktiviteter dei nylig har meistra på grunn av eit funksjonsfall, eller som står i fare for å få eit funksjonsfall. Herunder:
- Pasient som søkjer kommunale tenester for første gang.
- Pasient med enkle tenester som søkjer utvida tenester på grunn av funksjonsfall.
- Pasient som blir skrive ut frå sjukehus, rehabiliteringsinstitusjon og/eller avd. korttid / rehabilitering med eit vidare behov for tverrfagleg rehabilitering.
Inklusjonskriterier:
- Pasient er heimebuande.
- Pasient har eit tydeleg rehabiliteringspotensiale.
- Pasient er motivert for trening og for å gjere ein eigeninnsats.
- Pasient forstår instruksjon og kan nyttiggjere seg læring.
- Pasient er over 18 år
Eksklusjonskriterier:
- Uttalt kognitiv svikt/ demens.
- Pasient som har behov for døgnrehabilitering i institusjon
Rehabilitering er tidsavgrensa, planlagte prosessar med klare mål og verkemidlar, kor flere aktørar samarbeider om å gi nødvendig bistand til pasientens og brukarens eigen innsats for å oppnå best mogeleg funksjons-og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet.
- Kvardagsrehabilitering foregår hovedsakeleg i pasienten sin heim.
- Pasient skal sjølv vere med å bestemme kva aktivitetar som er viktig for han / henne.
- Det skal settast klare mål saman med pasient.
- Pasient må ha rehabiliteringspotensiale, dvs. moglegheit til å auke sitt funksjonsnivå i løpet av ei tidsavgrensa periode.
- Kvardagsrehabilitering kan bety ein kombinasjon av trening og å gjere nødvendige endringar i omgjevnadane, gjerne i samarbeid med pårørande.
- Målet er at pasient skal gjenvinne sjølvstende i definerte kvardagslege aktivitetar slik at han / ho kan fortsette å bu heime så lenge som mogleg.
- Det er vanleg at både fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiarar er med i fagteamet. Teamet samarbeider også tett med heimesjukepleia der det er relevant.
- Tiltaket settast inn tidleg og foregår i ei avgrenset periode, vanlegvis 8 veker.
- Tiltaket blir kontinuerleg evaluert og avsluttast etter 8 veker. I særskilte tilfelle kan perioda forlengast. Tiltaket kan også avsluttast tidlegere dersom fagteamet vurderer det som nødvendig.
Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du her.
Du kan elles ta direkte kontakt med fastlege eller heimetenesta.
Tenesta er gratis.
Fysioterapeut eller sjukepleiar tek kontakt.
Kvardagsrehabilitering er ikkje lovpålagt teneste, men blir organisert som helseteneste i heimen.