TryggheitssalarmTryggheitsalarm kan du leige frå kommunen dersom du har behov for det.Kva tilbyr viKven kan få tilbodet?Korleis få tilbodet?Kva kostar det? Kva tilbyr vi?Tryggheitsalarm som er kopla opp mot alarmsentral med personale til stades heile døgnet.Når du utløyser alarmen går meldinga til Vaktsentralen på Otta (tlf. 90 97 16 79). Ver merksam på at all kommunikasjon/samtale med Vaktsentralen blir tatt opp og lagra i 5 mnd for deretter å bli sletta.Om du ønskjer tryggheitsalarm må du sjølv skaffe 3 personar som er villig til å rykke ut til deg om du har utløyst alarmen. Det er eit krav at dei har nøkkel til bustaden din, så dei kjem inn om døra skulle være låst. Om du ikkje har andre til å rykke ut på tryggleiksalarm kan heimesjukepleie vere den som rykker ut på alarm. Dei må då ha nøkkel til din bolig.Du er sjølv ansvarleg for å gje beskjed til Sundheim om du endrar telefonnummer, adresse eller at utrykkingspersonane på lista blir endra.Har du tekniske problem med tryggheitsalarmen - kontakt ambulerande vaktmeister på tlf. 908 24 509. Kven kan få tilbodet?Dei som av ulike årsaker kan ha behov for å tilkalle hjelp frå heimetenesta / andre.Må fylle eitt eller fleire av følgjande kriterium:ha lett for å falle/har rørsleproblemer særs utrygg eller sjuk av andre årsakerbur åleine /har lite nettverkDet er ei føresetnad at den som får innvilga alarm forstår bruken av denne. Alarmen skal kun nyttas i akuttsituasjonar.Tenesta er ikkje lovpålagt. Korleis få tilbodet?Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du her. Kva kostar det?Her finn du Betalingssatsar for pleie og omsorgstjenester 2025 Publisert 08.11.2024 08.17 Sist endra 09.04.2025 13.12