DagtilbudKva tilbyr vi?Kven kan få tilbodet?Korleis få tilbodet?PrisLovgrunnlagKva tilbyr vi?Dagsenter på SundheimDagaktivitetstilbud for heimebuande personar med demenssjukdom og eldre heimebuande personar (utan demenssjukdom) har som formål å tilby ein trygg og sosial møteplass der samvær med andre, aktivitet, mestring og gode opplevingar er hovedfokus. Dagtilbodet kan også fungere som avlastning for pårørande. Tilbodet skal bidra til sosial stimulering og aktivisering.Opphald på Sundheim i tida mellom kl. 09:00 – 14:30, unntatt laurdagar, helge- og høgtidsdagar.Frukost, formiddagskaffi og middag.Gruppeaktivitetar er trim, avislesing, turar i nærmiljøet og bingo.Vi tilbyr også hobbyaktivitetar, trivselsskapande aktivitetar og sosial kontakt. NOA - Nord-Fron opplærings- og arbeidssenterNord-Fron opplærings- og arbeidssenter (NOA) skal gje dei funksjonshemma i kommunen eit tilpassa arbeids- og aktivitetstilbud slik at dei trivst og blir i stand til å kunne delta med samfunnsnyttig arbeid/syssel/aktivitet ut frå eigne føresetnader.Hovedaktivitetane for brukarane av NOA er ulike former for arbeid/aktivitet. Med utgangspunkt i kvar enkelt brukar sine behov, ønskje og utviklingsmogleghetar skal det lagast ein plan for eit tilpassa og tilrettelagt tilbud. Kvamstunet - dagtilbodTekst kjem her…Kven kan få tilbodet?All tildeling av tenester blir gjort med bakgrunn av ei kartlegging av funksjonsnivået og etter individuell og tverrfagleg vurdering.Brukarar med behov for innhald og aktivitetar på dagtid t.d. ved einsemdBrukarar med behov for å auke evna til fysisk, psykisk og sosial eigenomsorg.Brukarar med behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter.Brukarar med pårørande som er i arbeid og som har behov for avlastning.Brukarar som er utreda og har fått diagnosen demens. Korleis få tilbodet?Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du her. PrisDagtilbud ekskl transport er kr 105,-Dagtilbud inkl transport er kr 167,-Dagtilbud som avlastning er gratis. Lovgrunnlag:Dagaktivitetstilbud er ikkje ei lovfesta plikt å ha for kommunen. Det kan vere ein del av det kommunale omsorgstilbudet og kan då tildelast med heimel i hol. §3-2 nr.6 bokstav b som omhandlar personleg assistanse, eller hol. § 3-6 punkt 2 som omhandlar avlastningstilbud. Dagaktivitetstilbud til heimebuande personar med demens er lovpålagt frå 01.01.2020, jf. hol. § 3-2 punkt 7. Publisert 12.01.2023 14.09 Sist endra 08.11.2024 11.20