Våre pleie og omsorgstenester er samlokalisert til Sundheim Bo- og treningssenter.
Organisering av tenestene
Sundheim Bo- og Treningssenter er organisert med to virksomheitsområde; Heimetenester og Institusjon. Heimetenesta består av avdelingane heimehjelp, heimesjukepleie og korttid/rehabilitering. Institusjon består av avdeling for langtid og Sundtunet (demensavdeling). Kvar avdeling blir leia av ein avdelingsleiar.
Institusjonsplassar
Det er tilsaman 72 institusjonsplassar på Sundheim Bo- og treningssenter. Her tilbys det rehabilitering, kortids- og avlastningsplass, samt sjukeheimsplass. Langtidsavdelinga har tilsaman 54 plassar ( Øst, Vest og Sundtunet har 18 plassar kvar) og avdeling Korttid/rehabilitering har 18 plassar.
Lokala er nyleg rehabilitert og framstår som topp moderne.
Fotpleie og frisør
Her finn du informasjon om tilboda:
Frisør Ann Irene Brendemoen tlf. 908 53 043 - tysdagar frå kl.10.00
Du betaler sjølv for timen.
Fotpleier Tove Uhlen på tlf. 908 29 965 - Onsdagar frå kl.10.00
Du betaler sjølv for timen.
Du sjølv bestiller time direkte til frisør eller fotpleier.