Dagaktivitetstilbud

Dagaktivitetstilbud for heimebuande personar med demens sjukdom / eldre heimebuande personar har som formål å tilby ein trygg og sosial møteplass der samvær med andre, aktivitet, mestring og gode opplevingar er hovedfokus. Dagtilbodet kan også fungere som avlastning for pårørande. TIlbodet skal bidra til sosial stimulering og aktivisering.

Nord-Fron opplærings- og arbeidssenter (NOA) skal gje dei funksjonshemma i kommunen eit tilpassa arbeids- og aktivitetstilbud slik at dei trivst og blir i stand til å kunne delta med samfunnsnyttig arbeid/syssel/aktivitet ut frå eigne føresetnader.

Kva tilbyr vi?

  • Opphald på Sundheim i tida mellom kl. 09:00 – 14:30, unntatt laurdagar, helge- og høgtidsdagar.
  • Frukost, formiddagskaffi og middag.
  • Gruppeaktivitetar er trim, avislesing, turar i nærmiljøet og bingo.
  • Vi tilbyr også hobbyaktivitetar, trivselsskapande aktivitetar og sosial kontakt.

 

Hovedaktivitetane for brukarane av NOA er ulike former for arbeid/aktivitet.  Med utgangspunkt i kvar enkelt brukar sine behov, ønskje og utviklingsmogleghetar skal det lagast ein plan for eit tilpassa og tilrettelagt tilbud. 

 

Kven kan få tilbodet?

  • All tildeling av tenester blir gjort med bakgrunn av ei kartlegging av funksjonsnivået og etter individuell og tverrfagleg vurdering.
  • Brukarar med behov for innhald og aktivitetar på dagtid t.d. ved einsemd
  • Brukarar med behov for å auke evna til fysisk, psykisk og sosial eigenomsorg.
  • Brukarar med behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter.
  • Brukarar med pårørande som er i arbeid og som har behov for avlastning.
  • Brukarar som er utreda og har fått diagnosen demens.

Her kan du lese

 

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her.

Alle søknadar skal svarast på innan 14 dagar. Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.

 

Pris

Dagtilbud ekskl transport er kr 105,-

Dagtilbud inkl transport er kr 167,-

Dagtilbud som avlastning er gratis.

 

 

Lovgrunnlag:

Dagaktivitetstilbud er ikkje ei lovfesta plikt å ha for kommunen. Det kan vere ein del av det kommunale omsorgstilbudet og kan då tildelast med heimel i hol. §3-2 nr.6 bokstav b som omhandlar personleg assistanse, eller hol. § 3-6 punkt 2 som omhandlar avlastningstilbud. Dagaktivitetstilbud til heimebuande personar med demens er lovpålagt frå 01.01.2020, jf. hol. § 3-2 punkt 7.

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra