Korttidsopphald

Med korttidsopphald meiner vi eit tidsavgrensa opphald i institusjon gjeve som døgnopphald, dagsopphald eller nattopphald. Korttidsopphald kan tildelast for rehabilitering, observasjon og medisinsk vurdering som ikkje krev sjukehusinnlegging.

Kva tilbyr vi?

Kven kan få tilbodet?

Korleis få tilbodet?

Kva kostar det?

Lovgrunnlag

 

 

Kva tilbyr vi?

  • Brukarane får individuell observasjon, pleie, behandling og rettleiing, der målet er at dei skal greie mest mogeleg sjølv.
  • Medisinsk behandling og pleie ved sjukdom.
  • Rehabilitering
  • Førebyggande tiltak / veiledning / rehabilitering
  • Det vert ytt tverrfagleg oppfylging frå bl.a. lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Tilsynslege kan henvise  til fysioterapeut og spesialisthelseteneste ved behov.
  • Leggja til rette for at brukarar har nødvendige hjelpemidlar.
  • Vurdering av tilstand og funksjonsnivå med tanke på behandling, tiltak og framtidige omsorgsbehov.
  • Etterbehandling frå sjukehus.
  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.
  • Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter føreskriving av lege.
  • Tilbud om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen.
  • Pleie og omsorg ved livets slutt.

 

Kven kan få tilbodet?

  • Tildeling av tenesta blir gjort med bakgrunn i kartlegging av brukar sine ressursar og behov, etter individuell/tverrfagleg vurdering.
  • Det blir sendt ut skriftleg vedtak med målsetting og beskrivelse av tenesta.
  • Betaling av tenesta vil framgå av vedtaket
  • Kontakt med andre tenester blir vurdert ved behov

 

 

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du her.

 

Kva kostar det?

Eigenbetaling, iht. Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester, skjer på grunnlag av netto inntekt av samla skattbar inntekt for husstanden.

Her finn du

Betalingssatsar for pleie- og omsorgstenester 2025

Lovgrunnlag

Tilbudet  er lovpålagt med heimel i lov og helse- og omsorgstenester § 3-2, punkt 6 bokstav c, plass i institusjon herunder sjukeheim.

Kontakt

Tildelingskontoret
E-post
Telefon 45 37 73 65

Telefontid tirsdag - fredag 12.00 - 14.00

Ring for å avtale tid dersom du ønsker å treffe oss. 

Du bør ikke sende sensitive personopplysninger, som for eksempel helseopplysninger, på e-post. 

Kart