Peer Gynt-stemnet
Peer Gynt-stemnet er ein 10 dagar lang kulturfestival med teater, konsertar, kunstutstillingar, litteraturforedrag og arrangement for barn i byrjinga av august. Ved sidan av teatret ved Gålåvatnet er det eit vell av andre store og små arrangement, som kyrkjekonsert i Sør-Fron kyrkje, konserten ved utescena ved Rondane, og mange andre arrangement som varierar frå år til år.
Heimesida til Peer Gynt
Country Music Festival Vinstra
Countryfestivalen blir arrangert i Kåja festivalområde på Vinstra, og trekker til seg eit stort antal besøkende fyste helg i juli kvart år. Countrymusikk set sitt preg på kommunen vår desse dagane, med både nasjonale og internasjonale countrystjerner.
Heimesida til Countryfestivalen
Furusjøen rundt
Furusjøen rundt er ikkje eitt arrangement - men tre! Trippelarrangementet foregår rundt fjellvatnet Furusjøen, og er både eit ritt, løp og renn. Dei tre arrangementa har forskjellige klasser, også for barn.
Heimesida til Furusjøen Rundt
Byfesten
Heilt sidan Vinstra fekk bystatus i 2013 har det vore arrangert Byfest helga nærast 1. september. Det foregår aktivitetar over heile byen, både for liten og stor, og fleire nasjonale kjende artister har besøkt Byfest-scena.
Byfesten er arrangert av Nord-Fron kommune, og har som mål å skape stolthet, framtidstru og optimisme!
Facebook-sida til Byfesten
Liv Lågå
Skåbu Liv Lågå er ein årleg festival som forgår den tredje helga i juli kvart år. Målet til arrangementet er å samle bygdefolk, hyttefolk og tilreisande til forskjellige arrangement som skapar liv, trivsel og samhald. I løpet av helga det blant anna marknadsdag i sentrum, Skåburevyen, fjellpub, konsert, og utstillinger.
Facebook-sida til Liv Lågå
Skåbu fjellmaraton
Skåbu fjellmaraton er eit sportsarrangement som tilbyr både heil- og halvmaraton, ultraløp og barneløp, og samlar mange entusiastar i oktober. I tillegg er det arrangement for alle involverte etter endt løp.
Heimesida til Skåbu fjellmaraton
Checkpoint Skåbu
Gausdal Maraton er landets tredje største langdistanse hundeløp, og har Skåbu som eit sjekkpunkt. Checkpoint Skåbu nytter heile lokalsamfunnet og har mange samarbeidspartnarar i næringslivet som bidreg medan Skåbu er sjekkpunkt for løpet.
Heimesida til Gausdal Maraton