Frå 1. januar 2018 tok kommunane over ansvaret for dei borgarlege vigslane i Norge. Her finn du informasjon om korleis du går fram dersom du ønsker borgarleg vigsel i Nord-Fron kommune.
Før de kan gifte dykk, må Skatteetaten undersøkje om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Tida for behandling hos Skatteetaten er 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllupet.
Sjå Skatteetaten: Vegen til ekteskapet - steg for steg.
Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til oss. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader.
Kor og når kan vi gifte oss?
I Nord-Fron kommune blir vigslar gjennomført på fredagar mellom klokka 10.00 og 16.00 i kommunenestyresalen.
Dersom brudeparet ønsker vigsling på andre stader, andre dagar eller til anna tid, så kan dette avtalast med vigslar. For vigsler som blir gjennomført på andre stader / dagar / anna tid må ein betale kr. 1000,-. Gebyret er vedtatt av kommunestyret.
Kven står for vigselen?
I Nord-Fron kommune er det fyrst og fremst ordførar og varaordførar som vil stå for vigslane. I tillegg har kommunestyret gitt tjenesteleder Anita Watterud fullmakt til vigsling.
Korleis bestiller vi tid for vigsel?
I brev / e-post må følgjande informasjon bli gitt:
- Navn på brudepar.
- Kontaktinformasjon.
- Ønsket lokalisering / stad.
- Ønsket dato og klokkeslett.
- Andre ønsker – ringer / kunstneriske innslag / fotografering
- Eventuell anna informasjon brudeparet meiner er relevant
E-post sendast til post@nord-fron.kommune.no
Kjønnsnøytral ekteskapslov
1. januar 2009 fekk Norge kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnerskap kan bli omgjort til ekteskap ved søknad til Skatteetaten.
Frammøte
Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tidspunkt for vigsel, seinast 15 minutter før vigselen skal finne stad. Brudeparet og vitna må syne fram legitimasjon før seremonien startar.
Vitne
To vitne må vera til stades under seremonien. Dette kan vere forlovarane eller to andre myndige personar som paret har med seg.
Språk
Det kan på førehand avtalast at vigselen skal foregå på engelsk. Dersom paret ikkje forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med seg en kvalifisert tolk.
Om seremonien
Seremonien tek ca. 15 minutt. Under seremonien blir formular for borgerleg vigsel lest opp. Til slutt underskriv paret, vitna og vigsleren vigselsprotokollen. Vigselsattest blir sendt brudeparet direkte frå Skatteetaten.
Ringar
Det er høve til å sette på ringar under seremonien. Ver vennleg å si ifrå om dette til vigslaren før seremonien startar.
Kunstneriske innslag
Som ein del av seremonien, ønsker enkelte å ha musikk eller diktlesing. Dersom kunstneriske innslag, må de gis beskjed om dette på førehand. Kunstneriske innslag skal ikkje vare lenger enn fem minutt.
Fotografering
Fotografering og filming kan skje under og etter seremonien i samråd med paret.
Pris kommunale vigsler