Stolpejakten

Illustrasjonsbilde fjelllandskap og stolpe med QR kode

Stolpejakten  går ut på å finne stolpar sentralt plassert i kommunen. Stolpane kan registrerast ved å laste ned appen Stolpejakten på mobilen, slik at du kan scanne QR-koden som kvar stolpe er utstyrt med.

 

I Nord-Fron er det tilsaman 60 stolpar. 

Stolpejakten i Nord-Fron er eit samarbeid mellom Tormod Skilag, Ruste IL, Vinstra IL, Skåbu Tverrbygda Espedalen IL, Kvam IL og Nord-Fron kommune.

Stolpejakten tek sikte på å legge til rette for å aktivisere både unge og gamle; inaktive, skoleelevar, syklistar, funksjonshemma og rullestolbrukarar – eller dee som rett og slett ønskjer å gjere seg bedre kjent i kommunen sin. 

Stolpejakten er ein allmennyttig forening som skal bidra til auka fysisk aktivitet blant folk flest i heile landet. Stolpejakten er eit gratis tilbud.

Ønskjer du å bli med - register deg her.