Frivilligsentral

Kva tilbyr vi? 

Nord-Fron Frivilligsentral koordinerar frivillig innsats i kommunen vår. I tillegg er Frivilligsentralen ein møteplass for fleire typar aktivitet. 

Dei frivillige utfører mellom anna tenester som:

  • utkøyring av varm mat frå Sundheim 5 dagar i veka.
  • følgje til lege, tannlege, sjukehus m.m.
  • transport for bebuarar på Sundheim til diverse aktiviteter og tilbud.
  • medhjelper på aktiviteter på Sundheim, som leseombud, stuevakt og middagshjelp.
     

Det er omlag 60 frivillige knytt til Nord-Fron Frivilligsentral.

Kvar veke foregår det faste aktiviteter i regi av Frivilligsentralen: 

  • Måndagar
    • 14.30 – 16.30 Leksehjelp - Biblioteket
  • Tysdagar
    • 11.00 - 14.00 Strikkekafé - Gammelbanken
  • Onsdagar: 
    • 11.00 - 14.00 Dugurdstreff – Gammelbanken - annakvar veke
    • 12.00 – 14.00 Onsdagsmatinè – Vinstra Kino – fyste onsdag i månaden
    • 13.30 – 15.30 Språkkafè - Biblioteket
  • Torsdagar
    • 11.30 - 13.30 Språk og Kulturutveksling – Gammelbanken
    • 12.00 - 13.00 Digitalhjelp - Biblioteket
    •  

For å delta på dei faste aktivitetane på Frivilligsentralen trengs det ikkje påmelding. Her er det berre å møte opp på satt tidspunkt.  
For deltaking på Språk og Kulturutveksling, kontakt Frivilligsentralen.
 

Ta kontakt dersom du har spørsmål. 

 

Kven kan få tilbodet?

Frivilligsentralen koordinerer frivilligtenester. Tildeling av kven som kan motta tenester blir gjort av følgjande:

  • Utkøyring av varm mat frå Sundheim - her kan du lese meir om matombringing.
  • følgje til lege, tannlege, sjukehus osb - kontakt din behandlar eller heimetenesta.
  • transport til handling gjeld for bebuarar på Sundheim og omsorgsboligar

 

Utleige

Det er mogleg å leige både kjeller og hovudetasje på Gammelbanken. Les meir om dette under utleige av kulturbygg. 

 

Kontakt

Laila Fjellseth
Koordinator
E-post
Mobil 91 13 76 25

Adresse

Nord-Fron Frivilligsentral
Nordre Byre 9
2640 Vinstra

Telefon: 61290800

Kart