Kulturbygg og -anlegg

Leige- og betalingssatsar

Kommunestyret vedtek kvart år  leige- og betalingssatsar for kommunale bygg og anlegg. Ved å gå inn på dei enkelte byggga i BookUp vil du få sjå leigeprisane der.

Når kulturbygg-og anlegg er leigd ut til arrangement som går over fleire dagar, blir leigeprisen redusert fram til dag tre av utleiga, deretter er det denne dagsatsen ut leigeperioda.  Dersom bygg og anlegg blir bestilt, men ikkje brukt, vil leigetakar bli fakturert for den faktiske leigeprisen. Dette gjeld også "fri leige".

 

Generelt om leigesatsar for utleige av kommunale kulturbygg- og anlegg

Generelt om leigesatsar for utleige av kommunale kulturbygg- og anlegg
Antal dagar Prosent Av opprinneleg leigesats
Leigepris, dag 1 100% av opprinneleg leigesats
Leigepris, dag 2 80% av opprinneleg leigesats
Leigepris, dag 3 70% av opprinneleg leigesats
Leigepris, dag 4 og ut leigeperioda 70% av opprinneleg leigesats

 

 

Leige av arrangementsutstyr 2024

Leige av arrangementsutstyr 2024
Type utstyr Pris (kr) Tidsperiode
Festivaltelt 3x6 meter, lag og organisasjonar 810 pr. telt pr. dag
Festivaltelt 3x6 meter - private lag og kommersielle 1620 pr. telt pr. dag
Sceneelement 1x2 meter - lag og organisasjonar 180 pr. element pr. dag
Sceneelement 1x2 meter - private og kommersielle 365 pr. element pr. dag

 

Retningsliner for fri leige av kommunale bygg