Kvam Trivselsbad

Kvam Trivselsbad - Klikk for stort bileteKvam Trivselsbad med svømmebasseng Nord-Fron kommune

Hausten og vinteren 2024/25 har det pågått eit større vedlikehalds- og oppgraderingsarbeid ved Kvam trivselsbad.

For publikum vil nytt boblebad, ny belysning, nye dusjar og nytt barnebasseng vere det mest synlege. For dei som skal halde badet i drift er oppgraderingane under bassenget minst like viktige.

Anlegget opnar att for offentleg bading 6. mars 2025.



 

Kvam Trivselsbad inneheld eit basseng på 9,5 x 12,5 meter,  garderober, dusjar og badstue.

Kvam trivselsbad ligg i tilknytning til Kvam Bygdahus, er eit lite og triveleg anlegg med innvendig vakker utsmykning. Anlegget blir mykje brukt av Kvam skule, barnehagane og til varmtvannstrening i regi av fysioterapitenesta /Frisklivssentral.

Trivselsbadet blir leigd ut til privatpersonar, lag/organisasjonar og bedrifter, her er link til BookUp.
 

I tillegg er Kvam trivselsbad ope for offentleg bading. 

Opningstider offentleg bading Kvam trivselsbad

Opningstider offentleg bading Kvam trivselsbad
Vekedag Tidspunkt Gruppe Merknad
Måndag 18.00 - 19.00 Vaksne KVINNER
19.00 - 21.00 Vaksne KVINNER/MENN
Torsdag 17.00 - 19.00 FELLES
Laurdag 12.00 -14.00 FELLES Oppe kvar 3. laurdag fram til skuleferien startar. Første laurdag oppe er 8. mars.
Barn under 10 år kun i følge med vaksne over 18 år

 

Prisar offentleg bading - Kvam trivselsbad 2025

Adresse


Bygdahusvegen 17
2642 KVAM