Organisering
Undervisninga i Fron kulturskole er organisert anten i grupper, mindre grupper eller individuell opplæring. Faget sin eigenart, elevsamansetnad og eleven sin føresetnad dannar grunnlag for inndeling. Gjennom året synest vi det er viktig å ha variasjon i arbeidsformer og organisering, og elevane får delta i prosjekt av ulik karakter og omfang. Konsertar/framføringar/visningar blir vurdert både som innhald og som ei forlenging av eleven sin arbeidsprosess. Å spele, danse, synge for andre blir stasjonar undervegs i ein utviklingsprosess. Alle elevar skal i løpet av et skoleår ha fleire framføringsmoglegheiter. Det er viktig med ein bevisst progresjon; frå mindre, interne framføringar til større opptredenar i meir offentlig ramme. Det å lære å spele eit instrument, danse eller måle er ein lang prosess. Den krev innsats og opplæring over tid. Fagleg jobbing, rett progresjon, kommunikasjon mellom lærar, elev og foreldre, samt sosial tilhørigheit er svært sentrale element.
Undervisningslokaler
Opplæringa er samlokalisert i kulturskolen sine lokaler på Folkets hus, Vinstra, med unntak av danseundervisninga som er i lokala til danselina på Vinstra vgs. Det at dei ulike disiplinane og alle elevane og lærarane møtes på ein stad, og utøvast vegg i vegg, er av stor betydning både fagleg og sosialt. Dette gir gode moglegheiter for samarbeid på tvers av fag og skapar tilhørigheit til kulturskolen som institusjon. Samtidig utviklast elevane sin kulturoppfatning, då dei ser, høyrer og møter andre fag enn sitt eige.