Kjære lag, foreiningar og verksemder i Nord-Fron og Sør-Fron,
Vi inviterer dykk til å vere med på årets store Sankthans-feiring på Maihaugen den 23. juni 2025!
Dette tradisjonsrike arrangementet har vore halde sidan 1904 og samlar kvart år mellom 2 000 og 5 000 besøkande. No har Nord-Fron og Sør-Fron kommunar saman ansvaret for programmet, og vi ynskjer å fylle kvelden med kultur, aktivitetar og fellesskap.
Kva kan de bidra med?
Vi vil gjerne ha med lag, foreiningar og bedrifter som kan bidra med:
✅ Musikk, dans eller scenekunst
✅ Handverk og husflid – demonstrasjonar eller utstillingar
✅ Mat og lokalproduserte varer
✅ Aktivitetar for barn og familiar
✅ Historieforteljing og kulturformidling
🎭 Program for kvelden
📍 Opning kl. 17:30 / 18:00
🎶 Kulturprogram på scena kl. 18:00 – 20:50
🏡 Aktivitetar rundt på Maihaugen – levande historie, handverk, mat, utstillingar og familieaktivitetar
🔥 Båltenning kl. 21:00
💃 Dans og musikk kl. 21:15 – 23:00
Alle som bidreg i programmet får gratis parkering og middag som takk for innsatsen.
🎟 Vil de vere med?
Meld di interesse i skjemaet under før 1. mai 2025.
Har de spørsmål eller treng meir informasjon, er vi tilgjengelege for ein prat.