MOT er eit haldningsskapande program som skal skape robust ungdom som inkluderar alle. Elevane ved ungdomsskulen får besøk av skolerte MOT-coachar 14 gonger ila. ungdomsskuletida. Besøka har tema som respekt, forventningar, dialog, egenstyrke, val og draumar.
MOT til å bry seg - MOT til å seie nei - MOT til leva
Dette er dei tre grunnverdiane i MOT. Gjennom å bygge trygge ungdom som tek gode val, bygger ein samstundes gode lokalsamfunn.
MOT-programmet er for elevar på ungdomsskuletrinnet.
Nord-Fron er også med i tilleggsprogramma "Skolen som samfunnsbygger" og "Kommunen som samfunnsbygger". Tilleggsprogramma skal sørge for enda større bevisstheit rundt MOT-programmet.
"It takes a village to raise a child"
- Afrikansk ordtak