Ung i Midtdalen er ei interkommunal ordning som skal skape eit aktivt og positivt ungdomsmiljø i Midtdalen, på tvers av kommunegrenser, og med ungdommen sjølv i sentrum.
Ung i Midtdalen står for tilbud som Kåja Camp, UKM, Midtdalen Regionale Ungdomsråd, Statement Midtdalen, og internasjonale prosjekt gjennom Erasmus+Ungdom.
Ung i Midtdalen er eigd av Nord-Fron kommune, men leverer tenester til Sør-Fron og Ringebu kommune. Ung i Midtdalen er samlokalisert med kultur- og kommunikasjonsavdelinga i Nord-Fron.