Alle som vil kjøpe eller bruke plantevernmidlar i yrkesmessig samanheng må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. Dette gjeld også den ansvarlege hos forhandlar av plantevernmiddel. Autorisasjonen gjeld for 10 år frå avlagt prøve. Ved fornying blir det stilt krav som ved fyrste gongs utsteding.
Det er Mattilsynet som har ansvar for ordninga med krav til autorisasjonsbevis. Oppgåva med å arrangere kurs og utsteding av autorisasjonsbevis er delegert til fylket og kommunen. Dei som kjøpar plantevernmidlar har eiget ansvar for å ha gyldig bevis samt å følge anna regelverk for bruk av plantevernmiddel.
For å få autorisasjonsbevis må ein gjennomføre autorisasjonskurs med avsluttande skrifteleg prøve. Etter bestått prøve må ein bli godkjent av landbruksavdelinga i kommunen om at ein er yrkesmessig berettiga for autorisasjon. Mattilsynets hovedkontor sender deretter ut autorisasjonsbeviset. Landbrukskontoret kan skrive ut midlertidig bevis.
For meir informasjon om kurs og eksamen, sjå Mattilsynet sine heimesider.