Kvam barnehage Åa tok i mars 2012 i bruk heilt nybygd barnehage, og er godkjend for 56 plassar for barn i alderen 0-5 år.
Den ligg midt i bygda med eit nærmiljø som byr på gode opplevingar knytt til natur og friluftsliv, kulturliv og idrett.
Barnehagen har to avdelingar; Veslåa (1–2-åringar) og Storåa(3–6-åringar). På Storåa er gruppene Kæillbekken, Børju og Kvæinnhøl’n. Namna på avdelingane og gruppene er knytt til elva og plassar langs elva som er naturlege turmål for barnehagen.
Barnehagen følgjer sentrale føringar når det gjeld pedagogisk leiar, men grunnbemanning ligg noko over sentral norm.