Det gule bygget til Ruste barnehage sett utenfra
Nord-Fron kommune
Historikk
Ruste barnehage vart nyopna hausten 2008, og tre barnehagar vart då samla til ein. Ruste skule vart bygd om til barnehage, og godkjent for 98 plassar for barn i alderen 0-5 år.
Hovedmål og visjon
Ruste barnehage legg vekt på å arbeide for å nå hovudmålet: «I barnehagane i Nord-Fron kommune bidreg vi til at alle barn får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik»
Visjonen vår er «Ruste robust» - med delmål om ha eit robust samarbeid i barnehagen vår. Vi ser og opplev det gjennom barn som tør å kome med forslag, tek initiativ, som bidreg i sin eigen kvardag og som er ein del av fellesskapet. For å nå visjonen og delmålet vårt treng vi tilsette som har tru på at barn kan, klarer og mestrer, som ser kvart enkelt barn si styrke og som legg til rette for at barn skal ha ein likeverdig plass i fellesskapet.
Prosjekt godt leikemiljø
Våren 2024 starta vi opp eit prosjekt for å forbedre leikemiljøet for barna. Målet er å skape rom for leik som inkluderer alle barna. Vi får veiledning og støtte fra firmaet Styd kommunikasjon, og deler deira sitat;
«Å stole på leken handler om å stole på barn. Stole på at barna vet best selv hva som gir mening for dem. Og i leken kan barna finne mening. Det gjelder bare å gi dem muligheten.»
Dette sitatet skal vise i leikemiljøa våre, dei skal vere fleksible, ha gode møteplassar, og tilby materialer i rett mengde som legg til rette for inkluderande leik.
Avdelingar, lokaler og uteområde
Barnehagen har fem avdelingar med navn etter stader i bygda: Hånåhoppet, Feforkampen, Brakjeberget, Liaåksla og Hågåhaugen(friluftsgruppe). Vi deler barna inn etter alder, og Hånåhoppet er småbarnsavdelinga vår. Vi har eige uteområde for dei yngste på baksida av barnehagebygget. Vi samarbeider mykje på tvers av avdelingar etterkvart som barna er klare for det.
I tillegg til avdelingane har vi fellesrom som vassrom, musikkrom og bibliotek inne og eit stort område å boltre oss på ute. Vi går ofte turar utanfor gjerdet og har faste turplassar i skogen.