Alle barnehagane i Nord-Fron kommune har samordna opptak.
Dersom du ønskjer å søkje om ny plass/endring av opphaldet (for både å auke og redusere barnehageplassen) eller ønskjer å søkje barnet over til ein anna barnehage, så gjer du dette ved å logge inn i Visma Flyt Barnehage sin føresettportal og klikker på «Søknad».
Det er berre dersom du ønskjer å seie opp heile plassen at du velger «Si opp plass».
Nord-Fron kommune tek ikkje imot søknad på papir. Men ta kontakt dersom du har behov for bistand til utfylling av elektronisk søknad.
Logg inn i Foresattportalen
Det blir oppmoda om at du legg inn minst tre ulike barnehagar (lokasjonar) når du søkjer om ny plass.
OBS: Dersom den barnehagen du søkjer til ikkje kan tilby den storleiken på plass som du ønskjer, er det viktig at du når du søkjer, tek stilling til om du er interessert i andre plasstyper. Dette gjer du ved å markere i ruta utenfor Eg ønskjer også tilbod om andre plasstyper i valde barnehagar.