Prisar og redusert betaling

Forskrift om foreldrebetaling i barnehage.

Du får ikkje automatisk redusert pris frå barnehagen dersom du har låg inntekt.
Du lyt sjølv søkje om å få redusert foreldrebetaling for ein barnehageplass.  Dette gjer du via foresattportalen.

Vedtak gjeld eitt barnehageår om gongen, med unntak av eventuelle vedtak som blir gjort i løpet av barnehageåret.

Pris for mat er ikkje med i desse ordningane.

For å kunne vurdere søknad om redusert foreldrebetaling lyt barnet ha ein barnehageplass i dag, eller ha takka ja til ein framtidig plass.

Med hushaldning er det i forskrifta tenkt på ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar.
Som sambuarar reknas to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapleg forhold i minst 12 av de siste 18 månadane, eller har felles barn.
Dersom søkjer er sambuar utan felles barn, må søkjer opplyse kommunen om dette.

Hushaldninga si inntekt

  • Er den samla personinntekta etter skatteloven kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt, båe før skatt. Det er den fullstendige skattemeldinga fra forrige år som skal legges ved søknaden (ikke skatteoppgjør), da det er samla brutto person- og kapitalinntekten som skal legges til grunn. Aktuelle poster vil være 1.6, 1.7, 2.1, 2.2, 2.4, 2.8 og 3.1. For mange vil kun et fåtall av disse postene være i bruk.
  • Dersom foreldra til barnet ikkje bur saman og barnet bor fast hos båe foreldra, er det inntekta til hushaldninga til den av foreldra som har same folkeregistrerte adresse som barnet som skal leggjast til grunn i vurderingane.
  • Dersom det blir endringar av medlemane i hushaldningen, plikter søkjer å opplyse om dette.
  • Dersom det er nedgang i inntekt frå siste skattemelding, må søkjer sende inn dokumentasjon på dette. Årsak til nedgang i inntekt kan vere mange og kan ha svært ulik karakter; bortfall ved død, samlivsbrot, tap av arbeidsinntekt mv.