Skåbu oppvekst Mot nye høgder! Sist endra 16.09.2024 09.37 Skåbu oppvekst ligg i fjellbygda Skåbu i Nord-Fron kommune. Vi har barnehage og barneskule, med aldersblanda klasser for 1. og 2. årssteg, 3. og 4. årssteg og 5. - 7. årssteg. Saman arbeider vi for å byggje trygge, robuste barn og unge. Vi har fokus på pedagogisk entreprenørskap som læringsstrategi. Der er kreativitet, læring gjennom praktisk arbeid, motivasjon og meistring viktige ingrediensar. Her inngår også bruk av lokalmiljø som ein viktig faktor for å skape relevans i læringssituasjonane, og stoltheit over eige nærmiljø. Vi meiner dette legg til rette for trivsel, framtidstru og livskvalitet for elevar og barnehagebarn. Vi har gode lokale for elevar og lærarar, med mellom anna eigen symjehall, gymsal, datarom, sløydsal og fint skulekjøken. I tillegg har vi eit stort uteområde for aking, ski, skøyter, fotball og andre leikar. Og sist men ikkje minst har vi ein eineståande natur rett utanfor skulegrinda! Kontaktlærarar på Skåbu oppvekst skoleåret 2024 -25 Kontaktlærarar på Skåbu oppvekst skoleåret 2024 -25 Trinn Kontaktlærar 1. trinn Heidi Maurstad 2. trinn Irene Brendstuen 3. trinn Irene Brendstuen 5. trinn Torger Kvålen 6. trinn 7. trinn Torger Kvålen Sjå alle tilsette på Skåbu oppvekst her!