SFO er eit frivillig tilsyns- og omsorgstilbod for alle elevar på 1. - 4. trinn ved alle barneskolane i Nord-Fron kommune. Det er rektor på kvar skole som har ansvar for SFO-ordninga. SFO har fast grunnbemanning og eit opphaldsareal som legg til rette for leik og varierte aktivitetar.
Kva for opphald er tilgjengeleg?
Du kan velje mellom;
- Liten plass (opp til 2 dagar pr veke)
- Stor plass (opp til 4 dagar pr veke)
- Full plass
Ved kjøp av plass på SFO betalar ein for inntil 2, 4 eller 5 dagars plass. Det er viktig at det i søknaden blir opplyst om kva dagar eleven kjem til å vere på SFO, og om opphaldet gjeld både før og etter skoletid.
For kjøp av tilfeldig opphald; det blir fakturert med ein fast pris per dag (sjå gjeldene prisoversikt).
Søskenmoderasjon: frå og med barn nr. 2 og vidare, blir opphaldet fakturert med 50% av ordinær pris.