Kommunestyret vedtek bygging av ein ny 1–10 skule for elevar frå Barhaug, Sødorp og Vinstra ungdomsskule. Skulen skal inkludere ein fleirbrukshall.
Vidare framdrift, inkludert nedleggingsdato for eksisterande skular, skal behandlast hausten 2024.
Kommunedirektøren blir bedt om å komme attende med ei tilråding om lokalisering av skulen, enten på Barhaug eller Sødorp, sett i samanheng med sentrumsutvikling og arealbruk.
Saka blir lagt ut på høyring med frist for innspel 20.05.2024.