Sykle til jobben 2024 - kampanjestart 1. mai!

"Sykle til jobben" er ei årleg kampanje med mål om å få flest mogleg i aktivitet. Kampanjeperioda er frå 1. mai til 16. juni. 

Illustrasjonsbilde

Nord-Fron kommune ønskjer at fleire skal velge ein aktiv reiseveg til jobb og fritidsaktivitetar.  Vi håpar at tilbudet om gratis deltaking i årets "Sykle til jobben" aksjon vil vere eit positivt bidrag for meir kvardagsaktivitet og gjerne at fleire byttar ut bilen med sykkel og gange til jobb og fritid ein gong i blant.

Dette er ei lågterskel, sosial, miljøvennleg, unik og morosam konkurranse. "Sykle til jobben" aksjonen er ein nasjonal kampanje arrangert av bedriftsidretten.

Under kampanja registrerer deltakarane ALL fysiske aktivitet. Det vil seie at det er ikkje  berre sykling som tel. Padling, løping, svømming, klatring, fjellturar og styrketrening er andre døme på poenggjevande aktivitetar.

Du kan registrere aktiviteten både til/frå jobb, men også fysisk aktivitet på fritida.

Du kan oppnå max 3 poeng på ein dag og poenga til dine registrerte aktivitetar akkumulerer og blir summert saman. Dersom du på same dag registrerer ein aktivitet som gir 1 poeng og ein annan aktivitet som gir 3 poeng, så vil du på denne dagen oppnå 3 poeng.  Her finn du oversikt over aktivitetar og varigheit  i Sykle til jobben-kampanjen som gir ulike poeng.

Det er og mogeleg å delta i lag, dersom det er ønskjeleg. Då kan du gå saman med venner, familie eller kollegaer og opprette eit lag. Det kan vere maksimalt 5 personar på eit lag, men same bedrift kan ha fleire lag.

Sjølv om du er pensjonist eller av andre grunner ikkje er i jobb, kan du fortsatt delta. Alle som melder seg på og registrer aktivitet er med i trekninga av premiar som blant anna syklar, turar og treningsutstyr!

Og det beste av alt: Det er gratis å delta for alle innbyggjarar og tilsette i Nord- Fron kommune!

Registrer deg her

Meld deg på no og få med venner eller kollegaer. Dei som vervar er med i trekninga av premiar!